Raudt, svart

roman

Paperback, 229 pages

Nynorsk, Norwegian language

Published 2023 by Det Norske Samlaget.

ISBN:
978-82-340-1266-2
Copied ISBN!

View on OpenLibrary

4 stars (1 review)

Raudt, svart er Jon Fosses debutroman frå våren 1983. Det handlar om ein gymnasiast i ei vestlandsbygd. Han bur på hybel, spelar gitar, skulkar og gjer opprør mot foreldra og alt dei står for. Det er ei sår og medrivande skildring av norkre avgjerande dagar i livet til ein angstridd unggut.

Fosse var 23 år gammal og student i Bergen då Raudt, svart kom ut. Debutromanen sette tonen for mykje av det som seinare skulle komme i forfattarskapen hans.

2 editions

Ei seig og trist forteljing

4 stars

Denne tok meg lang tid å lese. Eg trudde ikkje at eg likte den i starten. Den var rar. Treig. Keisam. Uinteressant. Men så tek den seg kraftig opp. Måten Jon Fosse skildrar dei indre tankane til hovudpersonen som strevar med seg sjølv.

Denne traff meg bra. Eg kjente meg att i mykje av det vonde. Eg følte meg sett. Eg forventa ikkje ei såpass personleg bok for mi eiga del.